Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Bevaring og kassasjon av valmateriell

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

Oppbevaring, avhending og tilintetgjering av valmateriell (Utdrag frå valhandboka 2015)

24.1 Innleiing

Vallova § 15-2 gjeld oppbevaring, avhending og tilintetgjering av valmateriell. Etter denne

føresegna skal alt valmateriell når valet er over, behandlast i samsvar med reglane i arkivlova

og forskrift gjeven i tilknyting til denne lova. Det vil derfor vere arkivfaglege omsyn som

avgjer korleis valmateriellet skal behandlast når valet er avslutta. Det er viktig å skilje mellom

valmateriell som har vore i bruk, og valmateriell som er ubrukt.

24.2 Ubrukt valmateriell

Valmateriell som ikkje har vore i bruk, kan ein ikkje sjå på som arkivmateriell. Slikt materiell

fell inn under reglar om arkivavgrensing gjeven i forskrift til arkivlova av 11. desember 1998

nr. 1193 (arkivforskrifta) § 3-19. Dette gjeld både ubrukte konvoluttar, ubrukte røystesetlar og

ubrukte manntalseksemplar.

24.3 Brukt valmateriell

For valmateriell som har vore i bruk, har Riksarkivaren (i brev av 9. september 2003 på

førespurnad frå departementet) med heimel i arkivlova § 9 fastsett at følgjande materiell kan

kasserast:

24.3.1 Konvoluttar

Både røystesetelkonvoluttar og omslagskonvoluttar – anten desse er forkasta eller godkjende

– kan kasserast på trygg måte når valresultatet er endeleg. Departementet går ut frå at det

same må gjelde for omslag til røystegivingar som blir lagde i særskilt omslag.

24.3.2 Røystesetlar

Røystesetlar som er forkasta, kan kasserast på trygg måte når valresultatet er endeleg.

Røystesetlar som er godkjende, skal derimot oppbevarast til valperioden er gått ut før dei kan

kasserast på ein trygg måte. Det er ikkje nødvendig å oppbevare røystesetlar på papir i 4 år,

dersom dei opptalde røystesetlane kan oppbevarast like trygt på eit elektronisk medium.

24.3.3 Valkort

Valkorta kan tilinkjesgjerast på ein trygg måte når valresultatet er endeleg.

24.3.4 Avkryssa manntalslister

Avkryssingsmanntalet skal oppbevarast til to valperiodar er gått ut før det blir kassert på ein

trygg måte.