Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Leiars arkivrutinar

Rådmannen sitt arkivansvar

Rådmannen/administrasjonssjefen har det overordna administrative ansvaret for kommunens arkiv og for at organisering og oppfølging av arkivarbeidet er i samsvar med lover og forskrifter.

Forskrift om offentleg arkiv, § 1 arkivansvaret i offentlege organ:
Det overordna ansvaret for arkivarbeidet i eit offentleg organ ligg til den øvste leiinga i organet. I kommunar og fylkeskommunar er arkivansvaret ein del av det ansvaret som er lagt til administrasjonssjefen etter kommunelova § 23 eller kommuneråd og fylkesråd etter kommunelova § 20. Det kommunale og fylkeskommunale arkivansvaret omfattar òg arkiv som er avleverte til arkivdepot.

 

Tenesteleiar sitt arkivansvar

Tenesteleiar har personalansvar og ansvar for å melde frå til arkivtenesta ved langvarig fråver hos sakshandsamarar.
Tenesteleiar har ansvar for at all personaldokumentasjon vert journalført i personalarkivsystemet, og at sensitive personalopplysningar er skjerma for uautorisert tilgang. Tenesteleiar må ta kontakt med arkivleiar ved særskild sensitive personalsaker.

Tenesteleiar har ansvar for å halde oversyn med restansar i eiga avdeling og syte for at sakshandsamar har dei naudsynte ressursar til å utføre oppgåvene sine.

Tenesteleiar skal godkjenne og signere vedtak i si avdeling, eller delegere dette til andre.

Leiar har plikt til å sørge for at tilsette som skal slutte gjennomfører sine oppgåver som beskrevet i rutinane.

Laster...