Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

Sentralarkivet ligg på Tenestetorget og er lokalisert på Samfunnshuset.
På sentralarkivet finn du:

  • kommuneadministrasjonens saksarkiv
  • avtalearkiv
  • planarkiv
  • eigedomsarkiv
  • oppmålingsarkiv/kart
  • landbruksarkiv
  • arkiv for startlån, tilskot og bustøtte
  • arkiv for følgjekort, transportkort og parkeringskort
  • kopibøker
  • protokoller og møtebøker

Fjernarkivet ligg på Tenestetorget, og inneheld også eldre arkiv og arkiv som er unnateke offentlegheit

Økonomiavdelinga har:

  • personalarkiv
  • rekneskapsarkiv
  • skatt

Rekneskapsbilag er mellombels lagra i tilfluktsrom i aldersenteret

Plassering av klientmappar:

  • Sosial: på tenesta
  • PU-brukarar: på tenesta
  • Barnevernstenesta
  • PP-Tenesta
  • Omsorgstenesta: på einingane - dokument blir registrert og skanna i Acos CosDoc - frå 1.4.10 omfattar omsorgstenesta også klientarkiv for PU-tenesta
  • Helsestasjonen: på eininga - dokument vert registrert og skanna i Winmed.

Alle skulane har eigne elevarkiv

Barnehagene har eigne "barne"arkiv. Arkivmappa følgjer barnet til elevarkiv i skulen såfremt barnet ikkje flyttar til anna kommune.

KF Florø Hamn er eigen journalførande eining HMN. Hamnekontoret fekk elektronisk arkiv frå 15.06.2012 og har sitt avslutta papirarkiv på hamnekontoret.

KF Innvandrarsenteret har eige arkiv på sine klientar. Frå 16.08.2012 er all anna administrativ post journalført i Acos Websak i arkivdel ELAR med Adm.enhet KF09

KF Havhesten har sitt arkiv i Acos Websak i arkivdel ELAR med Adm.enhet KF15.

KF Florø kjøkkenservice har sitt arkiv i Acos Websak i arkivdel ELAR med Adm.enhet KF05

Folkehelseavdelinga: 01.01.13 vart det skipa eit nytt vertskommunesamarbeid mellom 11 kommunar i Sogn og Fjordane. Samarbeid for miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving. Flora kommune er vertskommune. Det vart frå 21. februar 2013 oppretta ein eigen journaleining i Websak på dette, IKSHELSE. Arkivdel HELSE-IKS. Det vart også oppretta ein Interkommunal eining (IE) under Adm.eining Flora kommune (FLKO).

Florø Parkering AS vart skipa 01.01.2014. Journalehet PARk, arkivdel PAR.

Kinn interimkommune: I samband med kommunesamanslåing mellom Flora og Vågsøy, er det den 14.09.2017 oppretta ei administrativ eining KINNINT, med eigen arkivdel NYEKINN og eiga journaleining FENEMND.
Arkivdel NYEKINN er sett til status O,overgangsperiode, den 10.01.2019. Ny base for arkiv og dokumenthandtering for Kinn kommune vart oppretta i Vågsøy kommune sommaren 2018.

Laster...