Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Depotordning

Flora kommune nyttar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt depot til alle sine arkiv.

Elektronisk arkiv skal deponerast i samsvar med følgjande prosedyre:

Etter periodisering eller ved overgang til nye system, skal kopi av definerte uttrekk frå avslutta sak-/arkivsystem og fagsystem overførast til arkivdepotet (fylkesarkivet i Sogn og Fjordane).

Den administrative eininga som har hatt ansvaret for arkivet, skal framleis vedlikhalde sin kopi av materialet og ekspedere førespurnader om innsyn i materialet.

Papirbaserte arkiv skal deponerast i tråd med Fylkesarkivet sin avleveringsinstruks.

Personregister/rettigheitsdokumentasjon (papirbasert arkiv):

Personregister skal leverast til Fylkesarkivet etter eigen instruks for personregister, 10 år etter at dei har vore aktive. Dette gjeld mellom anna personalmapper, barnevern, sosialtenesta, tenesta for funksjonshemma, omsorgssentra, legetenesta, helsestasjonstenesta, fysio-/ergoterapiordninga og elevmapper (skular og barnehagar).

Katalog over det som er deponert hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane finn ein på Arkivportalen.no

Laster...